Reinkula
For skular
For skular
Reinkula - Ei sanselig og kreativ læringsoppleving om villrein, natur og årssyklus
Reinkula tilbyr eit tverrfagleg skuleopplegg som kombinerer kunst, naturfag, samfunnsfag og norsk. Elevane får oppleve villreinen sitt liv gjennom lyd, bilete, tekst og forteljing – og arbeide kreativt med naturmateriale, fargar og eigne uttrykk.
Opplegget er tilpassa læringsmål i LK20 og passar for mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande. Det kan gjennomførast både i bibliotek, kulturhus og på skulen.
Opplevinga
Elevane går inn i Reinkula – eit lite rom som ber med seg fjellet.
Her møter dei villreinen sin årssyklus gjennom åtte årstider:
- Vår og vårsommar : kalving og nytt liv
- Sommar og haustsommar: insektplage, rørsle og energijakt
- Haust og haustvinter: vandring og paringstid
- Vinter og vårvinter: ro, kulde og knappe ressursar
Sanselege element og forteljing skapar ei oppleving som kan gjera det enklare å forstå kor krevjande livet i fjellet er. Korleis alt heng saman.
Kreativ verkstad
Etter opplevinga får elevane utforske naturmateriale og fargar, etter kva opplegg ein vel.
Me brukar akvarellfargar og sjablongar, og ein fargepalett knytt til årstida me er i. Kvar elev lagar sitt måleri som me set saman til ein plakat for årstida. Når Reinkula har gått gjennom dei åtte årstidene vil det verte ei eiga utstilling med elevarbeida. Sjå døme i "Vandrebok"
Dette gjev:
- kreativ utforsking
- eigarskap til læringa
- refleksjon og ro
- ei konkret minne frå dagen
Opplegget kan tilpassast alder, fag og årstid.
Me ynskjer at opplegget skal vera eit fint opplegg for alle, utan nokon form for prestering, men ei oppleving av meistring og å gjera og lære noko nytt i lag.
Læringsmål (LK20)
Opplegget støttar kompetansemål i:
- Naturfag: økosystem, artar, berekraft, samspel i naturen
- Samfunnsfag: kultur, landskap, samisk kunnskap, ressursar
- Kunst og handverk: utforsking av materiale, farge, komposisjon
- Norsk: munnleg formidling, refleksjon, tekstskaping
- Tverrfaglege tema: berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring
Praktisk informasjon
- Varigheit: ca. 90 minutt
- Gruppestorleik: inntil 20 elevar (kan delast i stasjonar ved større grupper)
- Stad: bibliotek, kulturhus eller skulen
- Materiell: alt vert levert av Fjellrein AS
- Tilpassing: opplegget kan justerast etter alder, fag og lokale behov
Bestill skulebesøk
Vil du gi elevane dine ei unik oppleving av natur, kultur og kreativitet?
Ta kontakt for å avtale tidspunkt og praktiske detaljar.
Couldn't load pickup availability
Share
