Vil du vera vert for Reinkula?

 

Invitasjon til å ta i mot vandreutstillinga

Reinkula vil starte vandringa si i februar 2026. Målet er å nå åtte kommunar i gjennom dei åtte årstidene. Frå kvar stad vil Reinkula ta med seg ny Reinkula

Me ynskjer med dette å invitere dykk til å ta i mot ei vandreutstillinga utanom det vanlege.

Ei kule av tre som vandrar gjennom fjell-landskap, kryssar vidder og sjø.

Ei kule som gjev kunnskap om reinen, om mennesket, om samanhengar i naturen, om mennesket og reinen og det å vera ein del av eit samspel.

Formidla gjennom kunst og tekst, der det er mogleg å fordjupe seg meir i faget, eller berre sjå på vakre bilete og poetisk tekst.

Med “Reinkula” fylgjer det vandrekart for vaksne og eit for barn.

Ein kan ikkje gå seg vill i dette landskapet som ikkje har nokon start eller byrjing, der alt heng i saman. Men kartet vil leie tankane i ulike retningar, og kanskje kan det dukke opp nye refleksjonar og kunnskap i ein sjølv.

Me ynskjer også å invitere mellomtrinnet på skulane i nærleiken til eit besøk og ein vandreaktivitet.  “Reinkula” vil ta med seg spor frå stadene ho vitjar som vil gå vidare til neste stad, kanskje til framande stader og land?

Sjå elles tekniske spesifikasjonar. 

Ynskjer du å vera vert for Reinkula? 

Tak kontakt med 

Ragnhild Bjåen

Fjellrein AS

Bjåvegen 3

4755 Hovden i Setesdal 

Tlf.: +47 97155908

ragnhild@fjellrein.no