Vår på Kulturhuset i Suldal
«Reinkula» er no i Suldal, i kulturhuset på Sand.
Frå Valle til Suldal er ei reise over hei og vidde, ned liar og bratte dalar. Dei øvste gardane i Setesdal og fjellgrendene i Suldal har frå gamal av hatt mykje samkvem. Ferdselåra gjekk over fjellet. Her er ikkje langt i avstand.
Ei vakker reise gjennom vårvinter over fjellet og ned til grøne liar og smeltesnøfulle elvar.
Simla, kalvetung, finn roleg kalvingsland der ho kan vera trygg og også finne grøne spirer. Kalven vert oftast fødd på snø. Bukkane er våryre og svoltne og trekker mot dalane der graset no veks fort.
Ei årstid der fjellet endrar seg frå dag til dag.
Velkomen til å vera med på vandringa.
«Reinkula» i Kulturhuset på Sand.
