Vårsommar
Share
Vårsommmar
Nyfødd kalv
På snøfonn kvit
Liten, så liten
Spede kroppen skjelv
Simla mor
Slikkar kalven rein og tørr
Gulldråpar av råmjølk frå jur
Må vera på vakt
Ørna i lufta sirklar og fylgjer med
Svake, små
Får ho mat i dag?
Mor passar på
Kalven trykker held seg i skjul
raudbrun i pelsen
vanskeleg å sjå
mellom mose og lyng
Simla leitar
finn igrøne spirer
Røter av myrull og starr
Vinteren er hard
Vårsommar kan vera mild
men også skrinn
Simlegeviret fellast
Nytt veks ut
Så er det vår også i fjellet.
Elvene løyser isen, bekkane tar med seg snøen som smeltar ned fjellsidene der musøyra sprett til grøne lauv. Det er yrande fugleliv, og dei bare berga duftar av lyng og strå.
Inne på fjellet er det også livleg, der små, godt kamuflerte raudbrune reinkalvar vert fødde.
Simla skal finne næring til seg sjølv og til å produsere mjølk til kalven. Ho leitar seg fram til dei friske, grøne plantene der snøen har smelta vekk. Planter som smyle, sølvbunke og torvull skyt grøne skot tidleg, og er viktige i denne tida. Mange artar, som duskull, torvull og stivstorr, har næringsrike jordstenglar som reinen grev fram så fort myrane har tina, og et. I tillegg et dei ein del lav, og knoppar og ris frå tre og buskar. Nysprotte lauv av vier, dvergbjørk og bjørk viktig for reinen.
Bukkane trekker ned i liane, leitar opp myrer, enger og bjørkeskog der det blir grønt tidleg. Myrplanter som bukkeblad og myrhatt har kraftige jordstenglar som dyra grev opp og et. Reinsdyra er heile tida i rørsle når dei beiter. Dei leitar etter plantene som er mest næringsrike og lettast å fordøye.
Det lite insekt og anna som uroar på denne tida. Får dei gå i ro, kan reinen kan koma seg etter vinteren og vekse raskt.
Visste du at reinskalven er av dei minste av hjortedyra?
Reinskalvane er mindre enn andre hjortedyrkalvar når dei blir fødde, og er dermed meir utsette for rovdyr. Attpåtil blir kalvane fødde på snødekt mark.
Korleis kan dei små kalvane likevel overleva?
Dette er noko av det som gjer at kalven klarer seg dei fyrste månadane:
• Simlene vandrar til eit område der dei kan vera i fred, og der dei er mest mogleg verna frå rovdyr.
• Simlene har gevir når kalvane kjem til, og kan sikre seg gode beiteplassar og verne kalven frå rovdyr den fyrste tida. Ho kan også jage vekk andre simler, slik at ho og kalven får vera i fred dei fyrste dagane. Det er viktig for at simla og kalven kan knyte dei tette banda seg i mellom, før dei skal gå saman med dei andre reinsdyra i ein stor flokk.
• Simlene lagrar feitt i tida når ho går drektig, slik at ho kan gje næringsrik mjølk sjølv på dårleg beite.
• Kalvane er fødde med brunt feitt rundt dei indre organane sine. Dette feittet har svært høgt energiinnhald, slik at dei toler både kulde, snø og vind.
• Kalven er liten og trykkjer, dvs. at han ligg heilt i ro og gøymd i terrenget dei fyrste timane etter fødselen.
• Mor og kalv utviklar tette band og eit eige språk, slik at dei kan finne kvarandre i flokken.
• I område der reinen er i godt hald og har gode beite, er nesten alle simlene drektige. I område der levevilkåra er dårlegare, er det færre simler som får kalv. Likeins er det færre kalvar som blir fødde etter harde vintrar.
Simlene går drektig i 225 dagar, ca. 7,5 månadar. Mykje av fosterveksten skjer den siste tida. Ikkje lenge etter at kalven er fødd feller simla geviret. Det byrjar straks å vekse ut eit nytt.
