Haustsommar og haust

Den glødane hausten
Fjellet trekker på seg haustdrakta si. Reinsdyra treng å førebu seg til vinteren.
Gevira sluttar å vekse, det mørke hudlaget som gjev geviret næring og vekst tørkar inn. Dei eldre bukkane byrjar feiinga og skrapar av basten, hårlaget i lyng og buskar.
Fostringsflokkane, med simlene, kalvar og ungdyra og dei mindre bukkeflokkane trekker ut av sommarbeita og finn i saman. Det nærmar seg brunst og paringstid. Brunsten startar i midten av september og held på utover oktober.
Ei viktig tid på året
Dette er kanskje den viktigaste tida på året for reinsflokken. Då vert grunnlaget for nye liv vert laga.
Tida for brunst vert styrt av daglengda, men også kondisjonen til simlene. Er simlene for små vert paringstida seinare på hausten. Då vert også kalvinga forskuva til lenger ut på våren. Kalven og simla får mindre tid til å legge på seg medan plantene har mest næring. Slik kjem flokken inn i ein dårleg sirkel, som kan vera vanskeleg å bryte ut av.
Storr og myrull er gode beiteplanter i denne tida når graset byrjar å visne. Planter som torvmyrull og storr lagrar næring i rotstenglane. Desse er viktige for reinen seint om hausten og etter at det fyrste snølaget har kome. Lyng med både friske og visna blad er mat for reinen. Innimellom lyngen finn ein også grøne grasstrå som smyle og urtrer som ikkje har visna. Og dess lenger ein går mot vinteren, dess meir lav et reinen.
Simlene kan hente seg inn
Tida utover seinhausten er ofte ei roleg tid i fjellet. For simlene er kanskje dette den einaste tida på året dei kan gå i pluss i energibruk. Kalven byrjar å klare seg sjølv på grasføde, og det nye fosteret krev framleis lite. Bukkane har brukt mykje energi på å forsvare og jage etter simlene i brunsttida, og har nesten ikkje hatt tid til å eta. For dei er det viktig å klare å legge på seg att før vinteren set inn.
Reinsdyrjakt
Reinsjakta, som er ein viktig del av forvaltninga av villreinstammene, byrjar vanlegvis 20. august og varer ut september. Sjukdomen CWD (skrantesjuke) har fleire stader endra på jakta og jaktuttaket, sidan myndighetane ynskjer å redusere stammene og halde ein låg bukkedel for å minske smittepresset.
Ein beiteekspert
Reinen er ein drøvtyggar. Og han er ein ekspert på å finne dei beste plantene og dei lettast fordøyelege plantedelane. Men han er avhengig av å ha eit leveområde som er stort nok, slik at han kan trekke til dei beste beita gjennom året. Det er ikkje andre dyr som kan fordøye og utnytte lav som beiteplante like godt som reinen. I mange villreinområde er lite lav, også i vinterbeita. Då er det visna plantedelar, lyng og kvistar og lav frå stein, berg og trestammer som gjev næring til å overleve vinteren.

Andre artar i haustfjellet
Ramnen er ein fylgjesven til reinen. «Der det er ramn, er det dyr, vart det sagt». Som åtseletar er ramnen ein viktig brikke i samspelet mellom artane i fjellet.
Det er også fleire andre artar som ein ser i fjellet på haustsommaren og hausten. Mange fjellområde er også sauebeite. Og i lemenår kan det vera travelt mellom stein og lyng med desse små og «hissige» gnagarane.
- Kva rolle spelar desse artane i samspelet med reinen?
- Kva skjer dersom nokre av desse vert borte frå fjellet?
- Kva skjer med dei dersom reinen vert borte?
