Frå modell til ferdig produkt

Det har vore ein lang prosess frå idè til ferdig produkt. Sjølve trekula er gjort av Anders Dalseg. Det er mange lag med tynn bjørkefinèr som er bøygde og lima saman rundt ei form til ei kule. Så har det vore mange rundar med utveljing av tema og med tekstar og illustrasjonar. Me vonar at Reinkula kan gje ei god og heilskapleg oppleving. Der reinen, menneske, fjellet og jorda vår er uløyseleg knytt saman i fortid og framtid.