Vårvinter og vår

Våren i fjellet
Våren kjem også i fjellet. Bare flekkar byrjar å kome fram, det er lettare å finne lav og lyng på avblåsne rabbar. Dagane er lengre og lysare, og dyra kan beite lenger.
Snøen blir fastare, føret betre og det er lettare å flytte seg. Men på same tid kan det enno koma mykje ny snø, og det kan framleis ise til. Og det er lenge til grøne spirer kjem fram i fjellet.
Det har alt vore vinter i mange månadar, og det kan ha vore svært vanskeleg å finne mat og beite. Dyra har brukt av feittlaget og muskelmassen sin for å få nok energi til å overleva. Det er no kroppsreservane og feittlageret er på det lågaste.
Særleg er det vanskeleg for dei drektige simlene, dei som har kalv i magen. Sjølv om paringa skjedde alt i september, er det på denne tida fosteret veks og utviklar seg mest. Og det er no simla treng all energien og næringa ho kan finne. Ho må streve for å overleva sjølv, og i tillegg bera fram kalven sin.
Dersom simlene ikkje har nok næring å gje til fosterutviklinga, kan dei miste fosteret («kaste»). Då vil dei også felle geviret sitt tidlegare enn dei andre simlene. Etter ein hard vinter kan det difor koma til mange færre kalvar enn normalt.
Kalving
Det store eventyret om våren er kalvinga. Utover vårvinteren byrjar simleflokken å trekke til kalvingsområda, til stader der dei ikkje vert uroa og der dei også kan finne grøne spirer. Gjerne langt inne i villreinområda, langt frå folk og ferdsel. I midten av mai gjer simlene seg klare.
Ho trekkjer seg litt vekk frå flokken, finn seg ein tørr plass i ly for ver og vind. Kalven er så liten, berre 3-4 kg når han vert fødd. Ofte vert han fødd på snødekt mark. Han er heilt avhengig av hennar råmjølk og at ho passar på han.
Men kalven er fødd med eit spesielt feittlag, ei slags «nystepakke» av brunt feitt. Det gjer dei ekstra robuste den fyrste tida.
Mor og kalv knyter band og lærer kvarandre å kjenne dei fyrste dagane. Dei må bli kjent med lyden av kvarandre, luktane, lære kvarandre sitt språk. Det er viktig for å finne att saman i flokken.
Reinen er det einaste hjortedyret der hodyret har gevir, og dei er også dei einaste som føder kalven sin på snødekt mark.
Den mest kritiske tida for reinen i løpet av livet sitt er like før og rett etter at han er fødd. Nedkjøling og rovdyr er dei største farane. Kongeørn er eit stor trugsmål av dei små kalvene. Også jerv og gaupe kan ta dei nyfødde kalvane. Simla vil forsvare og verne kalven så godt ho kan.
Etter kalvinga vil simlene felle geviret.
Det å finne gode kalvingsplassar er difor svært viktig for simlene. Ofte trekkjer simlene i flokk til dei mest utilgjengelege delane av fjella. I høgtliggjande terreng finn ein avblåsne og bare berg der dei fyrste grøne stråa dukkar opp.
Simla går 225 dagar drektig. Ho får som regel berre ein kalv om gongen.
