Reinkula – eit tverrfagleg læringsopplegg om fjell, rein og kulturarv

 

REINKULA SKULEOPPLEGG 

Reinkula er eit tverrfagleg undervisningsopplegg som kombinerer kunst og handverk, naturfag og samfunnsfag. Elevane utforskar fjellet gjennom dei åtte årstidene, med fjellreinen som inngang til økologi, klima, kulturhistorie og etikk. Arbeidet munner ut i ei elevskapt utstilling.

Hovudmål

  • utvikle elevane si forståing av fjelløkologi og reinens tilpassing gjennom året
  • styrke refleksjon rundt klimaendringar, arealbruk og berekraft
  • gi innsikt i kulturhistoriske spor etter menneske og rein, inkludert samisk perspektiv
  • utvikle elevane sin evne til visuell formidling, symbolbruk og kunstnariske val
  • knyte elevane si eiga stadstilknyting og sanseerfaring til eit større natur- og kulturperspektiv

Arbeidsmåtar

  • sansearbeid og feltobservasjon
  • utforsking av fargar, materialar og teknikkar
  • arbeid med sjablongar av bukk, simle og kalv
  • integrering av tekst og bilete
  • refleksjon rundt etiske problemstillingar og historiske spor
  • tverrfagleg samarbeid mellom faglærarar

Sluttprodukt

  • eit personleg kunstverk som viser rein i vald årstid
  • ein kort tekst som kombinerer sanseinntrykk, naturfagleg kunnskap og etisk/historisk refleksjon
  • ei felles utstilling: Reinkula

Læreplanforankring

Opplegget er forankra i kompetansemål i Kunst og handverk (KHV01‑02), Naturfag (NAT01‑04) og Samfunnsfag (SAF01‑04) for både mellomtrinn og ungdomstrinn. Det