Samisk perspektiv - ein integrert del av Reinkula

Eatneme

Dette er ein eigen modul som kan leggjast inn i opplegget, eller brukast som ein del av utstillinga.

Kvifor samisk perspektiv?

Reinen har ein heilt sentral plass i samisk kultur, historie, næring og identitet. Å inkludere samisk perspektiv i Reinkula gir elevane innsikt i:

  • korleis menneske og rein har vore tett knytt gjennom tusenvis av år
  • korleis samisk kultur har vore tilstades også i fjella lengst sør
  • korleis reindrift er ein berebjelke i samisk kultur og språk
  • korleis arealinngrep, klimaendringar og politiske avgjersler påverkar samiske samfunn
  • korleis kunst, symbol og handverk uttrykkjer samisk verdiforståing
  • kva sams problemstillingar ein har med å ta vare på leveområde for reinen, og korleis det påverkar kultur og levevis til dei menneska som vert berørte
  • korleis urfolks-tankemåte kan vera med på å løyse mykje av dei miljøutfordringene me har i dag

Dette er i tråd med LK20 sitt krav om samisk innhald i alle fag.

Innhald som kan integrerast i undervisninga

1. Samisk reindrift – ei levande næring

  • Reindrift er ein tradisjonell og moderne næring som krev inngåande kunnskap om natur, årstider og dyrevelferd.
  • Elevane kan samanlikne villreinens årssyklus med tamreinens.
  • Diskusjon: Kva skjer når trekkvegar blir stengde av vegar, hytter eller kraftutbygging?

2. Samiske symbol og estetikk

Elevane kan utforske:

  • fargar og mønster frå duodji (samisk handverk)
  • symbol knytt til natur, dyr og årstider
  • korleis samisk kunst uttrykkjer identitet og tilhøyrsle

Dette kan integrerast i:

  • bakgrunnsfargar
  • mønster i landskapet
  • tekstilelement (ull, skinn, tråd)

3. Samisk språk i utstillinga

Elevane kan lære og bruke enkle ord:

  • eatneme
  • boazu (rein)
  • eallu (flokk)
  • jahki (år)
  • giđđa, geassi, čakča, dálvi (årstider)

Dette kan skrivast inn i kunstverket eller i utstillingsteksten.

4. Historiske perspektiv

  • Samisk bruk av fjellet gjennom tusenvis av år
  • Gamle trekkvegar og fangstanlegg
  • Kolonisering, fornorskingspolitikk og dagens rettigheitskamp

Elevane kan leggje inn element av:

  • ein gamal trekkveg
  • eit gamalt gevir
  • eit samisk symbol knytt til dyr, natur, årstid
  • eit mønster inspirert av duodji

5. Etiske og politiske spørsmål

Passar særleg godt for ungdomstrinnet:

  • Kva skjer når ulike interesser møtest i fjellet?
  • Kven bestemmer over arealbruk?
  • Korleis kan ein ta vare på både villrein og reindrift?
  • Vill eller tam? Kva er skilnaden? 

Elevane kan velje ei problemstilling og formidle ho visuelt.

Korleis integrere samisk perspektiv i Reinkula‑utstillinga?

  • Eigne tekstplakatar om samisk reindrift og kultur
  • Elevverk med samiske symbol eller fargar
  • Elevtekstar som inkluderer samiske ord
  • Ei eiga «historisk linje» som viser vår felles historie