Menneske og reinsdyr - ei lang vandring

REINEN I EUROPA
Reinen kom til dei steppeliggande sentrale delane av europa for 700000 år sidan. Via dei isfrie Beringlandbrua. Reinen var godt tilpassa tøft klima og har utgjort ein av dei viktigaste ressursane for ulike menneskearten i Europa.
Tenk, dei siste 500000 har menneska har jakta rein!
Det har vore mange ulike folkegrupper; Heidelbergfolk, atecessor og neandertalerar. Sams for dei alle er at i dei kalde periodane så var 9 av 10 byttedyr rein!
Også for det "!moderne mennesket" - reinen dominerer fullstendig som føde i kalde peridodar. Også for jegerfolket som heldt til kring isen i Skandinavia. Buplassar i Danmark og Tyskland er fylt opp med beinrestar frå rein.
Ullhåra mammutar og nashorn delte beiteomrdåe med reinen er no borte. Men reinen er her framleis
REINEN I FJELLA VÅRE
Då isen trekte seg attende etter siste istid, for omlag ti tusen år sidan, fylgde reinen etter. Og med den folk som veida og jakta, og som var spesialistar på reinsjakt.
Dei fyrste menneska som kom inn over landet me no kallar Noreg, trekte nordover langs kysten. Jakt, fangst, fiske; sel, rein, fugl, var viktig føde i det karrige landskapet.
Frå då av har reinen vore ein viktig ressurs for fjellområda og fjellfolka i heiane våre. Jegerfolket hadde med seg kunnskapen om kor-leis ein kunne utnytte heile dyret.
Ein kan finne mange kulturminne knytte til fangst og jakt på rein, også i våre eigne heiar. Til dømes bogastille, dyregraver og fangstanlegg, og stadnamn, segn og soger.
TAMREIN OG VILLREIN
På 15-1600 talet byrja samane med tamreindrift. Dette har fått mykje å seie. I Noreg var villreinen mot slutten av 1800-talet nesten utrydda på grunn av nye børser og uvitug jakt. Då var det at tamreindrifter etablerte seg i dei fleste fjellområda i Sør-Noreg. Mange av villreinstammene i dag er difor etterkomarar av tamrein frå den tid. Reinen er viktig for fleire folkeslag, ikkje berre samar. Urfolk i Nord-Amerika, nenetserar og andre folkeslag i Russland og Sibir, har ei nær tilknyting til rein og reindrift. Reinen er ei viktig matkjelde med kjøt og mjølk. Der reinen går er jorda freda Og han kan brukast både til å bera klyv og trekke slede og pulk. Sjølv om reinen er tamrein, er det framleis menneska som må flytte med reinen. Lik som villreinen er også tamrein avhengig av å ha store område for å beite og vandre på.
ALLE REINSDYR HØYRER TIL SAME ART
Alle reinsdyr høyrer til same art som vert kalla Rangifer tarandus på latin. Men det finst i dag sju underartar , og alle lever på den nordlege halvkula. I Canada, Alaska og Grønland finn me underarten caribou. I Noreg, Sverige, Finland, Russland og Kina finn me tundrarein og skogsrein. I tillegg har me på Svalbard underarten svalbardrein , som berre lever der. Noreg har elles sendt tamrein til fleire land, for eksempel til Island allereie på 1700-talet. Det har blitt til ei stor villreinstamme. Det blei òg sendt rein til Skottland, Canada, Alaska og Sør-Georgia nær Antarktis.
TUNDRAREIN
I Noreg har me tundrarein, og han lever både som tamrein og villrein. Tundrarein blir også kalla arktisk rein eller fjellrein.
VILLREIN ER NOREGS ANSVAR
Med unntak av Russland er det berre Noreg som har villrein i Europa.
Noreg har difor eit spesielt ansvar for å taka vare på villreinen og leveområda. Me seier at villrein er ein ansvarsart for Noreg. Det vil seia at Noreg har forplikta seg til å taka vare på villreinen gjennom fleire internasjonale avtaler, mellom anna Konvensjonen om biologisk mangfald og Bernkonvensjonen.
Reinen er spesiell i norsk fauna av di dette dyret lever i flokk og er nomade. Dei brukar leveområdet sitt ulikt gjennom året. Reinsdyra trekkjer på vêret, det vil seia at dei trekkjer mot vinden. Då veit dei mykje om kva som vil møte dei. I tillegg brukar dei ulike område til ulike årstider. Dessutan går dei alltid til beitestader som gjev mest mogleg energi til minst mogleg kostnad.
For å overleve under dei barske forholda må reinen klare å utnytte energien på ein mest mogleg sparsommeleg måte. Reinen er avhengig av å kunne bruke store område for å overleva. Me må difor sikre at reinen har nok areal skal me ta vare på reinsdyra. I 2021 kom villrein på den norske raudlista i kategorien “truga”.
VILLREINEN I FJELLOMRÅDA VÅRE
Det er i dag omlag 25000 villrein i fjella våre. Tidlegare var det villrein over heile landet. No er fjellområda delt opp av vegar, jernbane, storstilt hyttebygging og vatn som er regulert til kraftproduksjon. Det kan vera vanskeleg for reinen å vandre dei gamle trekkrutene mellom fjella, slik han gjorde før. I dag har me 24 ulike villreinområde som det gjeld spesielle lover for. 10 av desse blir rekna som nasjonale villreinområde som er fordelte på to europeiske villreinregionar.
REINEN I FRAMTIDA
Alt tyder på at reinen, som er uløyseleg knytt til menneske-slektas utvikling, ikkje vil få det lettar i framtida.
Det er særleg to faktorar som vil påverke reinsdyrstammene:
- Global oppvarming
- Oppdeling av leveområde
Ein vidare oppvarming av kloden kan til slutt medføre at de ikkje vil finnast område att som reinen kan leva i. Tap av arten reinsdyr vil verte ein del av det enormt raske tapet av artar som skjer i verda no.
Mindre havis og meir oppvarming i nord gjer at arktiske område får dobbel så rask oppvarming som andre delar. Det fører til auka nedbør. Ein stor del av verdas pattedyr, planter og insekt vil miste leveområda sine.
I dag er nedising av beite ei utfordring for reinen. Både nord og Svalbard og sør i Noreg. Med ei auka temperatur på vinteren, meir skfitande temperatur og meir nedbør, vil truleg beiteområda verte nedisa endå oftare enn i dag. Setesdal Ryfylke Vesthei har det mest vanskelege klimaet for reinen- omlag som Svalbard.