Fakta om reinsdyr

Art

Rangifer tarandus

Underartar

Caribou, Svalbardrein, tundrarein, skogsrein

Utbreiing

Nordlege delar av Europa, Asia, Nord-Amerika, Svalbard

Kjenneteikn

Gråbrun, strihåra pels. Hår også på mulen og mellom

klauvene. Både ho- og handyra har gevir. Svalbardreinen har

tettare pels, er kortbeint og har ein meir kompakt kroppsform.

Storleik

Kroppslengde inntil 220 cm, boghøgde inntil 125 cm

Vekt

Bukk: Opptil 270 kg (slaktevekt 50-140 kg)

Fauna

Dyreliv

Forplantning

Kjønnsmoge ca. 1,5 år. Brunstperiode frå september til midten av oktober. Simla får fyrste kalven oftast det året ho vert 2 år- Simla går drektig i 225 dagar. Får som regel berre ein kalv om gongen. 

Næring

Vinter: 40-80% av maten er lav frå bakken og tre. Resten er tørt gras, lyng og buskar. Sommar: Urter, gras, lyng, lav.

Levestad

Snaufjellet, i nokre område er også skogen ein viktig del av leveområdet.

Levealder

Kan verte opptil 18 år

Levevis

Lever i flokk. Reinen har eit nomadisk levevis, han vandrar mellom ulike område i dei ulike årstidene

Lyd

EIn låg, snøftande eller gryntande lyd; garting.

Sporteikn

Spor: Avtrykk etter klauvene er halvmåneforma. 9-10 cm breie og 8-9 cm lange. Variere med alder og kjønn. Avføring: Om vinteren er avføringa må, harde kuler, 10-12 mm lange og 5-7 mm breie. Om sommaren ser avføringa meir ut som uregelmessige kuler, 12-15 mm lange og 7-10 mm breie. Kan minne om rosiner. Dersom det er mykje gras og urter i kosten vil avføringa verte blautare.

Namn på dyra etter kjønn og alder


Han: Bukk. Ho: Simle. Ungdyr: 1-1,5 år. Kalv: 0-1 år.

Jaktsesong


Normalt frå 20.august til og med 30. september