Haustvinter og vinter

Den stille tida
Desse stille og mørke vekene før vinteren set inn for alvor er viktige for reinen.
Dyra byrjar etterkvart å trekke inn til områda der vinterbeita er, der det er mest stabilt vèr og minst snø og is. Kroppen og meltingsystemet til reinen førebur seg til vinteren. Pelsen vert tykkare, dekkhåra lenger og ullhåra tettare.
Vomma krympar i takt med beiteinntaket. Urinen vert resirkulert slik at mest mogleg nitrogen og protein kan nyttast til vekst og vedlikehald.
Den vanlege vinterdietten inneheld svært lite protein. Det er difor å utnytte mest mogleg. Mykje av vinterføda er visna kvst, lyng og lav, med lite næring og fordøyeleghet. Reinen er det dyret som best kan utnytte lavet som fôr.
Både simlene og bukkane har gevir på denne tida. Bukkane feller sine fyrst, frå november og ut mot februar. Kalvane og ungdyra har gevira til mars-april, slik at simlene er åleine om å ha gevir fram mot kalvinga.
Det er svolten som er den største fara for reinen i denne tida. Ustabilt ver med temperaturendringar og mykje nedbør gjev vanskelege beitetilhøve.
Når temperaturen går frå pluss til minus vert berg og mark islagde, og kan gjera maten utilgjengeleg. Reinen klarer då kkje å grave seg gjennom tykke islag, sjølv med spisse klauver.
Han må difor eta på lav på stein og berg. Tennane vert fort nedslitne av dette, og gjer at dei heller ikkje klarer å fordøye beite resten av året.
Mykje snø gjer det også vanskeleg å nå til maten. Sjølv om reinen kan lukte lav gjennom 60 cm med snø.
Eit reinsdyr vil klare seg fint gjennom kulde, snø og vinterstormar dersom han berre finn nok mat. Men også snøras, utrygg is og islagde berg kan vera skumle for reinen.
Jerven fylgjer ofte etter flokkane vinterstid. Tidlegare var ulven ei stor plage. Også gaupe og ørn kan ta reinsdyr om vinteren. Er dyra svake og utsvoltne vert dei lett bytte for rovdyr. Og dei vert meir utsett for sjukdom.
På regulerte vatn er isen meir usikker. Løyper og ferdsel av menneske gjer at reinen ikkje kjem fram til områda som har dei beste beitetilhøva. Vert dei skremde og jaga, må dei bruke mykje energi på å rømme.
Korleis har dette urdyret klart seg i så ugjestmilde omgjevnader? I tusenvis av år har dei vore her. Dei same dyra har vandra over fjellvidder, frå det europeiske kontinentet, over isen, innover iskanten, ut gjennomfjella. Likeeins som for tusen år sidan.

Kvifor er reinen så god til å takle det kalde miljøet?
Flokk: Flokken vernar, gjev ly, det er mange til å halde vakt og varsle.
Gevir: Reinen er dei einaste hjortedyra der også hoa har gevir. Bukk og simle feller gevir til ulike tider. For bukken er gjev geviret status og forsvar om hausten i brunsttida. Dei feller geviret tidleg på vinteren. Simlene held geviret på til etter kalving. Då kan ho forsvare både beiteplassar og kalven sin. Etter kalvin feller simla geviret og eit nytt veks fram.
Klauver: Klauvene er runde og skarpe. Dei ber godt på snøen. Reinen brukar klauvene til å grave seg ned til bakken for å finne mat. Desse beitegropene kan vera opp til ein meter djupe. Dei sterkaste reinane forsvarer beitegropa sine. Dyra som er låge på rang kan stå på sida og eta av restane som vert grave og sparka opp. Også andre dyr og fuglar nyttar godt av dette. For rypenekan slike groper vera viktige matfat vinterstid.
Pels: I snøstorm isolerer den tykke pelsen godt. På 1 cm2 reinpels finn ein 2700 luftfylte hår! Reinen treng ikkje bruke noko ekstra energi for å halde kroppsvarmen før det er minus 40 grader. Me menneske må bruke ekstra energi for å halde ein stabil kroppstemperatur dersom det er mindre enn pluss 27 grader. Reinpelsen har fleire ullhår og lengdre dekkhår enn dei andre hjortedyra. Kvart hårstrå er fylt av luft og isolerer godt.
Varmeutveksling: I nasen, hjernen og beina er det varmeutvekslingsystem. Ingenting av varme går til spille.
Syn: Kvite fjellvidder kan vera vanskeleg å sjå konturane i. Reinen har eit UV (ultrafiolett) syn som er spesielt utvikla for å sjå konturar i kvite landskap og i lite lys.
Luktesans: Den viktigaste sansen er kanskje luktesansen. Alltid går dei mot vinden. Alltid på vakt mot farar. Alltid. Då veit dei kva som ligg føre dei. Reinsdyra kan også lukte lav under 60 cm. djup snø.
Leveområde:
Reinen brukar leveområdet sitt ulikt gjennom året. Slik finn han det beste beitet, dei rolegaste stadene å føde kalvane, dei beste plassane til kvar årstid. Reinen går mot vinden, og vêrretning er med på å bestemme retninga.
I dag er vår livstil med på å bestemme korleis reinsdyra kan bruke fjellområda. Både kvar me er og korleis me oppfører oss. Og kor me byggjer vegar og andre framande element i fjellet. Alt me gjer i desse områda vil påverke korleis reinen kan leva. Eit samisk uttrykk seier at der reinen lever kan også menneska leve. Fordi reinen gjev mat, skinn til varme og ly, bein og horn til reiskap.
- Korleis ser samfunnet på reinen i dag?
