Vårsommar og sommar

Ei farefull tid
Den fyrste tida for ein liten kalv er full av farar.
Vèr og vind kjøler ned, simla kan ha lite mjølk å gje kalven sin, eller verte sjuk sjølv. Ørna samlar seg ofte kring flokken i kalvingstida. Jerven kan fylgje etter. Dei små kalvane er avhegige at simla får ro til å passe på, og kan finne mat til seg sjølv og få nok energi til å produsere den mest næringsrike mjølka av alle hjortedyr.
Simla held geviret sitt til rett etter kalving. Slik kan ho forsvare beiteplassar gjennom vinteren og verne den nyfødde for rovdyr. Dei nye gevira byrjar å vekse rett etter dei gamle er felte.
Simla går på sparebluss med energi det meste av året. Gjennom sommaren leitar ho opp dei mest næringsrike plantene og plantedelane. Gras og smakfulle urter vert føretrekt, grøne snøleier av musøyra held seg godt gjennom sommaren.
Varme somrar er ikkje gode for reinen. Insekt er plagsame og gjer dyra urolege, der dei freistar å finne kjølege snøfonner og vindtrekk for å koma vekk frå insektsvermane.
Insekt og parasittar
Fleire av insekta er parasittar som har stadie av livsyklusen sin i reinen; hudbrems og svelgbrems plagar dyra så mykje at det meste av døgnet går til å røme i frå insekta. Varme somrar med mykje insekt er difor skadelege for reinsdyra. Og ein er uroa for korleis klimaendringar med varmare somrar vil påverke dette.
Insekta spelar ei viktig rolle også i fjella. Humler som er spesialistar på fjellplanter tar seg av pollinering. Fjellplantar kan ha ulike strategiar for forplanting. Dei korte somrane og det kalde klima gjer dei svært sårbare. For å kunne spreie seg og halde på det genetiske mangfaldet er det viktig med pollineringa som insekta gjer.

Fuglar i fjellet
Dei siste åra har ein sett at mange fuglar også i fjellområda har gått kraftig attende. Og ein spør seg:
- Kva skuldast dette?
- Kva har insekt og fuglar å gjera med reinen?
- Vert også reinsdyra påverka av desse endringane?
