Vandreutstillinga «Reinkula» på Hovden og Landskappleiken 2026

Musikk er natur og kultur!

Vandreutstillinga «Reinkula» er no på Hovden der Landskappleiken 2026 vert arrangert. Her står ho i bygget til Hovdegrend, ved sidan utstillinga «Arv». (Hovdegrend er bygget der Rema1000 ligg.)

Forma til Reinkula vart til etter ein idé av Anders Dalseg. Me ynskte at installasjonen kunne symbolisere og vise noko også i seg sjølv. Ei organisk og jordbunden form. Ei kule, ein ring, ein sirkel som har mykje symbolikk i seg. Vern, gjerde, jorda, året, døgnet. Tak som går i ring, som kjem att. Dansen. Slåtten. Sjølve livet. 

Her har me også sett eit gjerde, kring Reinkula. Også i det er det ein symbolikk. Me har brukt strie, som vart nytta av tamreindrifta til leiegjerde og hegner. 

Hegna og gjerdet må vera runde, utan hjørne og vinklar slik at dyra ikkje føler seg pressa. 

Tak gjerne turen innom når du er i Hovden sentrum. 

Velkomen!