Vår på Kulturhuset i Suldal
Share
Vår
Simla kalvetung
vandrar mot kalvingsland
Geviret gjer ho sterk
Jagar bukken vekk
Forsvarar beiteplass
Treng beitero
Skare og nysnø
Sol og regn
Vind og skodd
Bergrabbar bare
Rypa kurrar
Solar seg på fjell
Jerven fylgjer med
Bukken søker mot vårlege liar
Simla ventar
Langt der inne på vidde og hei
No er tida inne
Nye liv vert fødde
«Reinkula» er no i Suldal, i kulturhuset på Sand.
Frå Valle til Suldal er ei reise over hei og vidde, ned liar og bratte dalar. Dei øvste gardane i Setesdal og fjellgrendene i Suldal har frå gamal av hatt mykje samkvem. Ferdselåra gjekk over fjellet. Her er ikkje langt i avstand.
I dag reiste me gjennom vårvinter over fjellet og ned til grøne liar og smeltesnøfulle elvar i fossende bylgjer mot stille fjord.
Ei vakker reise. Som viser kor stor skilnad det kan vera utan store avstandar. Kor stor skilnad det er gjennom årstidene.
Også dette er reinen sitt rike.
Simla, kalvetung, finn roleg kalvingsland der ho kan vera trygg og finne grøne spirer. Kalven vert oftast fødd på snø. Bukkane er våryre og svoltne og trekker mot dalane der graset no veks fort.
Ei årstid der fjellet endrar seg frå dag til dag.
Velkomen til å vera med på vandringa!
«Reinkula» i Kulturhuset på Sand.
