Reinkula

Reinkula

Å tenke i sirkel.

Tid og stad.

Vår plass i naturen.

Kva har endra seg med tankemåten vår?

Korleis er det om me tenkjer i sirkel?

Kva er starten, kva er enden?

Korleis vil vårt tilhøve til naturen verte då?

 

Så er Reinkula straks klar for vandring. 

Me er audmjuke og takksame for støtta me har fått av Miljødirektoratet og Verdiskaingsprogrammet «Villreinfjell som verdiskapar». 

Og me gler oss til neste etappe, som er sjølve vandreturen. Reinkula vil besøke fleire stader framover. Me ynskjer då å invitere skular og klasser til å koma å utvikle utstillinga vidare, med å lage eigne bilete som blir med til neste stad. 

Rein og reinfjell er aktuelt stoff i nyhetane. 

Me ynskjer å vera med på å vise noko av det samspelet som er mellom artane i naturen, korleis reinen er tilpassa leveområdet gjennom året, og samspelet mellom menneske og reinen. 

Me håpar at me kan vera med på å gje ny kunnskap, refleksjonar og og tankar gjennom kunst, bilete, tekst og fakta. 

Tanken om ei vandreutstilling starta for fleire år sidan. Med ynskjet om å lage noko som symboliserte noko meir enn «berre informasjon» og fakta. Det byrja med ei rund form- det å tenkje i sirkel, organisk, som jorda, som årstidene, som døgnet. Og Reinkula vandrar vidare, med spor frå kvar stad. 

Reinkula er av bjørk.

Bøygd i form.

Organisk.

Jordkloden.

Sola og månen.

Natt og dag.

Evigheten.

Naturen går i syklusar.

Årstider, liv, død, fødsel og nytt liv.

Fire søyler viser retning.

Nord, sør, aust og vest.

Alt går i saman.

Jorda vår.

To årstider på kvar søyle.

Åtte årstider tilsaman.

Fjellet har åtte årstider.

Reinen har åtte årstider.

Samane har altlid visst det.

Fjellfolk har fylgt etter reinen

Innover isen, i fjellet, over viddene.

Reinen og menneske har vandra saman.

Reinen er kulturberaren i vår natur.

Kor lenge får me vandre vidare saman?

 

Back to blog