Presentasjon av Reinkula

Presentasjon av Reinkula

Reinkula 

er ei vandreutstilling som skal vandre gjennom åtte kommunar i åtte årstider. 

På kvar stad vil me formidle kunnskap om rein og fjelløkologi gjennom kunst, 

forteljing og fakta. 

Vil de vera vertskap for Reinkula?

Tverrfagleg skuleopplegg

På kvar stad ynskjer me å invitere 

skuleklasser til å bli med på eit tverrfagleg 

skuleopplegg. Der dei også vil vera med og utvikle utstillinga vidare. 

Elevane sitt arbeid vert med vidare til neste stad. 

Reinkula vil ende opp som ein større installasjon dess lenger ho vandrar, med spor etter stadene ho har vore på. 

Skuleopplegget er tilpassa læreplanmåla for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i fagakunst- og handverk, naturfag og samfunnsfag. 

Ynskjer de å vera vert for Reinkula? 

Tak kontakt med: 

Ragnhild Bjåen

Fjellrein AS

Bjåvegen 3

4755 Hovden i Setesdal 

ragnhild@fjellrein.no

www.fjellrein.no

www.reinkula.no

Reinkula er av bjørk.
Bøygd i form. 
Organisk.
Jordkloden.
Sola og månen.
Natt og dag.
Evigheten.
Naturen går i syklusar. 
Årstider, liv, død, fødsel og nytt liv. 
Fire søyler viser retning. 
Nord, sør, aust og vest. 
Alt går i saman.
Jorda vår. 
Åtte årstider tilsaman. 
Fjellet har åtte årstider. 
Reinen har åtte årstider. 
Samane har altlid visst det.
Fjellfolk har fylgt etter reinen
Innover isen, i fjellet, over viddene.
Reinen og menneske har vandra saman.
Reinen er kulturberaren i vår natur.
Kor lenge får me vandre vidare saman? 
Back to blog